Vestlandske Limtre Industri AS vart etablert i 1975 og har sidan den gong vore ein av dei store verksemdene i Fusa kommune. Ved å ha fokus på god drift og høg kvalitet har me utvikla oss i storleik og marknadsdekning og er i dag 26 ansatte og 3-4 faste sjåførar på transport. Me har kontor og produksjonslokaler på Holmefjord i Fusa Kommune, ca. 1 times kjøring aust for Bergen.
Vestlandske Limtre Industri AS er leverandør av limtrekonstruksjonar, takstolar og I-bjelkar, og er medlem i Norske Limtreprodusenters Forening, og Norske Takstolprodusenters Forening. Bedrifta er òg aktiv i Nordisk bransjesamarbeid både innanfor limtre- og takstolproduksjon.
Bedrifta er godt forankra i den norske marknaden og kan tilby høg kompetanse på konstruksjon og prosjektering av små og store bygg.
Kvalitet
Me arbeider aktivt for at me til ei kvar tid skal tilfredsstilla norske og internasjonale krav til kvalitet i produksjonsprosessar og produkt. Vestlandske Limtre Industri AS er CE-sertifisert både for limtre- og takstolproduksjon.
Kompetanse
Det er våre ansatte som skapar gode resultat. Difor prøver me å leggje til rette for eit godt, trygt og utviklande arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse. Me har høg stabilitet blant våre ansatte, noko som gjev oss moglegheita til å utvikla solid kompetanse over tid.
Med ufråvikeleg kvalitetsfokus har bedrifta utvikla seg til å verta ein fagsterk og påliteleg leverandør. Evna vår til å tilpasse oss, og vår solide fagkunnskap, har lagt grunnlaget for alle våre gode kunderelasjonar.
Samarbeid
Me har som mål å liggje i forkant av alle kvalitetskrav med våre produkt, og gjennom tett samarbeid med kundar og leverandørar, kan me levere med fokus på tid, pris og optimale løysingar.





Sivert Torsvik


Steinar Rusås


Bjørn Arve Meyer
