Referansar

Vestlandske Limtreindustri har gjennom over 40 år levert ulike produkt til ei rekkje ulike bygg.

Me leverer limtre og takstolar til bygging av garasjar, naust, eineboligar, rekkjehus, små fleirmannsboligar og større leilighetsbygg. Særskilt leverer me til bærande konstruksjonar samt golv og tak i bygga.

Me ser også at limtre stadig vert meir nytta til svalgangar i leilighetsbygg då limtre har klare fordelar med tanke på branntekniske krav til sikre rømningsvegar.

Gjennom åra ha me også levert til mange barnehagar og skular der me gjerne har vore meir involvert i prosjekteringa. I mange tilfeller har me levert heile bærekonstruksjonen i slike bygg.

Me har også levert store prosjekt som takkonstruksjonar og søylesystem til hotell, bærekonstruksjonar til idrettshallar, fjøs, driftsbygningar og fleirbrukshallar.

Samla sett har prosjekta gjeve oss erfaring med dei fleste problemstillingar relatert til bruk av limtre og gjeve oss eit godt grunnlag for å bidra frå idè til ferdig konstruksjon.

Vestlandske Limtre Industri AS

Me er medlem i Norske Limtreprodusenters Forening, og Norske Takstolprodusenters Forening.

Tenester

Vestlandske Limtre Industri AS kan bistå med teikning, dimensjonering, utrekning og konstruksjon av limtre til bygg i alle storleikar.

Produkt

Vestlandske Limtre Industri AS tilbyr limtrekonstruksjonar i form av takstolar, bjelkelag, sperr, og I-bjelkar. Me kan òg levere beslag og spon til landbruk.

Kontakt oss