Precut

Me tilbyr precut. Dette forenklar byggeprosessen ved at alle delar til konstruksjonen vert levert ferdig kutta og tilpassa.

Alt er godt merka og pakka slik at det er klart til montering på byggeplassen. Vårt mål er at sjølve monteringa vert optimal når leveransen kjem til byggeplass.

Precut er hensiktsmessig for deg som skal byggja ny bolig, garasje eller hytte. Det vil også gje svært effektiv byggeprosess ved oppføring av næringsbygg og landbruksbygg.

Precut er ein metode som effektiviserar oppsett av nybygg, og er eit miljøvennlig alternativ – siden kapp og svinn vert redusert vesentleg.

Ta gjerne kontakt med oss for å høyre meir om våre løysingar.

Precut fra Vestlandske Limtreindustri er eit komplett system: 

  • Høg kvalitet på alle materialer
  • Delene vert levert ferdig kappa og tilpassa
  • Alt av omramming for dører og vindu er inkludert og har ferdige utfresingar
  • God dokumentasjon som underlag for montering
  • Alle hakk, utfresingar og holtaking er ferdig når det kjem til byggeplass
  • Enkel montering gjer byggeprosessen enkel og rask
  • Kort leveringstid

Vestlandske Limtre Industri AS

Me er medlem i Norske Limtreprodusenters Forening, og Norske Takstolprodusenters Forening.

Tenester

Vestlandske Limtre Industri AS kan bistå med teikning, dimensjonering, utrekning og konstruksjon av limtre til bygg i alle storleikar.

Produkt

Vestlandske Limtre Industri AS tilbyr limtrekonstruksjonar i form av takstolar, bjelkelag, sperr, og I-bjelkar. Me kan òg levere beslag og spon til landbruk.

Kontakt oss