Vestlandske Limtre Industri AS arbeidar med limtre i alle former. Limtre er eit tilarbeidd og miljøvenleg treprodukt som har utmerka eigenskapar når det kjem til både styrke og stivleik i forhold til dimensjon. Limtre er formstabilt og sterkt, og er svært forutsigbart når det gjeld brann. Limtre blir ofte valt som hovudkonstruksjon der det er spesifikke krav til brann.
Konstruksjon og teikning av større bygg
Vestlandske Limtre Industri AS kan bidra gjennom heile prosessen frå idé til val av løysing for konstruksjon av større bygg som hallar, næringsbygg og meir.
Konstruksjon og teikning av takstolar
Me dimensjonerar og teiknar ut takstolar på førespurnad.
Dimensjonering
I mange tilfelle har du som kunde behov for hjelp med å finne rett dimensjon på enkle dragarar eller heile konstruksjonar. Me gjer jobben for deg.
Konstruksjon og teikning av i-bjelkar
Vestlandske Limtre Industri AS kan levere I-bjelkar frå Metsawood, FJI-bjelka. Med I-bjelkar får du fleire moglegheiter, ein enklare byggjeprosess og eit lettare produkt å handtera på byggeplass.
Berekning av limtre
Bruk gjerne kalkulatoren vår for å dimensjonere og beregne limtre til prosjektet ditt. Kalkulatoren er godt eigna for enkle beregningar.